Da du ikkje døyr av veks du på
- Å få kvinner til å takke ja til tillitsverv i landbruket er ikkje alltid like lett, og mange dyktige personar takkar gjerne nei fordi dei ikkje trur at dei er flinke nok, sa tillitsvald i Felleskjøpet Margun Myrmel Øren på nettverkssamlinga på Voss sist veke.
- Eg var til liks med mange andre i tvil på om eg skulle takke ja, til tillitsverv i landbruket første gongen eg vart spurt, seier Øren. Det var då far min kom med orda "det du ikkje dauar av det veks du på", og det har synt seg å vere mykje sant i dei orda. Myrmel Øren var ein av innleiarane på seminar for kvinnlege tillitsvalde i landbruket i Hordaland og Sogn og Fjordane på Voss sist veke. Kring 30 kvinner var samla til kunnskap og nettverksbygging i regi av Landbruksråd Vestland. Konsernstyremedlem i Tine, Cecilie Bjørlo var initiativtakar til seminaret i kraft av at ho også er leiar i arbeidsutvalet i Landbruksråd Vestland. Einaste mann på samlinga var leiar i Hordaland Bondelag Kjetil Mehl som hadde meldt seg friviljug som medlem i planleggingsgruppa. Nedanfor finn de bilete frå første dagen. Artikkel om den andre dagen kjem seinare i veka :)
Dyktige kvinner samla på Voss
Nina Sandal Engelbrektsson la vekt på at ein må vere den ein er i styrerommet. Sjølv sit ho mellom anna i styret i Tun Media. - Sei ja, og livet får ein ny dimensjon, kunnskapen kjem, ver førebudd, men hugs gjerne på å kome "stille heim" for det må ligge til rette i heimen for å kunne ta på seg verv. Då er gjerne ikkje det å klage på rot på kjøkenet det første du skal gjere når du kjem heim.
Marit Flatjord sit i sentral valnemnd i GENO. Ho fortalde om valnemnda sitt arbeid og kva ein legg vekt på i det arbeidet.
Gruppearbeid på kva som må til for å få fleire kvinner til å takke ja til verv i landbruket sine organisasjonar
Den første dagen vart avslutta med "teambuilding". Kanskje er puslebrettet rimeleg kaotisk den første tida som tillitsvald, men etterkvart vil brikkene falle på plass.