Brynhild Steine får Bondeven forkle av Ole Jørgen Rio, leiar i Voss BondelagI Voss Kommune finst det mange som vidareforedlar mat, og endå fleire serveringsstader. Mange av desse er flinke til å nytta lokale råvarer. 10. april troppa bondelaga i Voss opp på Vangen Cafe på Vossevangen for å visa at me set pris på det dei gjer.

Systrene Anita og Britt Knapstad driv Vangen Café. Hallvard Løno driv Vossestølen Hotel på Oppheim, og Erling Brandseth driv Brandseth Fjellstove ved Haugsvik. Alle desse er flinke til å nytta lokale råvarer så sant det let seg gjera.

-Før kunne ein kalla maten ein serverte for heimelaga. No finn du ”heimelaga” potetstappe i frysedisken på butikken, så me må kalla maten vår noko anna. No lyt me spela på at maten me serverar, er laga heilt frå grunnen av, seier Anita Knapstad.

Avisa ”Hordaland” var også med, og bladfyken tykte dette var svært fine forkle utan tanke på kva som skulle verta utfallet av den utsegna! Bøndene hadde fleire forkle i sekken, og heilt spontant vart ho utropt til bondevén på vegne av sin arbeidsgjevar, for deira positive haldning til norske råvarer, som det i full fart vart skrive på diplomen.

Alle ga uttrykk for at dei sette stor pris på denne vesle utmerkinga, og desse er ikkje aleine: Dei står som gode representantar for mange serveringsstader i Vossebygda som er opptekne av å nytta lokale råvarer!

Tekst: Trond Olav Neteland, leiar i Vossestrand Bondelag

Les om utdelinga i Avisa Hordaland

Leif Arne Lirhus, Erling Brandseth,Ole Jørgen Rio,  Anita Knapstad, Britt Knapstad og Hallvard Løno og Trond Olav Neteland. Foto Brynhild Steine

Brynhild Steine fekk Bondeven diplom på vegne av Avisa Hordaland