Fredag utnemnte styret i Fusa Bondelag saueklyppar Helge Andre Gjøn til Bondeven. - Helge Andre er den einaste som har spesialisert seg på saueklypping i vår kommune, seier leiar Lars Inge Vik. -Han har utstyr og er mobil, og mange sauebønder er nok glade for å  kunne leige hjelp til denne jobben, som kan vere tung og hektisk.

Siv og Arne Richard Stadaas på Eikehaugen gard vart utnemt til Bondevener for den utmerka måten dei har fronta lokal Fusa-mat på, mellom anna på messe i Tyskland. Dei har også eit originalt og vakkert utsalg av produkt heime, noko både langreiste og kortreiste kundar set stor pris på.

Tredje Bondeven-kåring var av Dag Kyrre og Veronica Lygre i Lygre. Dei har bygd nytt mjølkefjøs for geit, og foredlar all mjølka sjølv til ost. Dei er også i gang med å byggja eit gardsutsal. Ekteparet driv økologisk, det vil seie utan bruk av plantevernmidlar og kunstgjødsel.

Saueklyppar Helge Andre Gjøn

Siv og Arne Richard Stadaas

Dag Kyrre og Veronica Lygre

Tekst og foto: Fusa Bondelag