Bønder er viktige for den lokale beredskapen
- Det er godt å sjå at bønder stiller opp og er ein viktig del av beredskapen kring i bygdene våre, seier fylkesleiar Per Hilleren. Sist vart dette synleggjort gjennom innsatsen som fleire bønder i Lærdal gjorde i samband med den tragiske brannen som råka bygda sist helg.
- Eg var sjølv til Lærdal måndag på regionmøte for lokallaga i Indre Sogn. Der snakka eg med ein av bøndene som hadde vore med på sløkkingsarbeidet natt til sundag. Han kunne fortelje om ein stri tørn, og gav meg eit bilete av ei natt berre dei som har opplevd henne kan ha eit realistisk bilete av held Hilleren fram.
Brannen i Lærdal syner at bønder med si aktive næringsverksemd er ein viktig del av beredskapen i bygdene våre. Traktorar med gyllevogner vart ein viktig faktor for å kunne hindre den ufattelege brannen i å verte ein endå større tragedie.