Bondelagsfolk med kritiske spørsmål
Kvinnheringen skriv om årsmøtet i Kvinnherad Bonde- og Småbrukarlag, der Elisabeth Eide Tharaldsen (FrP) vart bombadert med spørsmål frå tillitsvalde i bondelaget.
Det var i samband med årsmøtet i Kvinnherad bonde- og småbrukarlag Elisabeth Eide Tharaldsen (FrP) og Øyvind Utne (H) var inviterte for å orientere om regjeringserklæringa frå FrP og Høgre, skriv Kvinnheringen i papirutgåva 7. februar. Vidare kan dei fortelje at lokale bønder bombaderte politikarane med spørsmål om mellom anna priskontrollen og jordbruksoppgjeret.
Det kan sjå ut som det i hovudsak var tillitsvalde i bondelaget som stilte spørsmål. I teksten er det referert til både Kjetil Mehl frå fylkesstyret i Hordaland Bondelag, Olav Hjetland Bringedal, leiar i Uskedalen Bondelag og Tore Eikeland, leiar i Omvikdalen Bondelag.
Det syner god aktivitet og høgt kunnskapsnivå hos dei tillitsvalde. FrP-representanten kunne ikkje svare på alle spørsmåla, men lova å ta dei med seg vidare.
På årsmøtet til Hordaland Bondelag 14-15. mars får vi besøk av politikarar frå både Venstre og Høgre. Vi reknar med at dei tillitsvalde har førebudd mange spørsmål til den tid.