Når "samfunnets interesser" er viktigare enn å produsere mat, er det ofte ein bonde som ender opp med dårlegare vilkår for drifta. Det er særs viktig å kome tidleg med i prosessen for å påverke resultatet til det beste for garden og drifta. Hordaland Bondelag kan hjelpe med å skrive merknad til høyringar, og kanskje gi råd om korleis ein skal ta fatt i problemet.

Av og til er det ikkje hjelp i å vere med i prosessen, det oppdaga Karl Lier då han fekk høyre at reguleringsplanen for ny Fylkesveg 6 frå Buamyr til Grimstveit synte ein kilometer med veg over jordene hans. Etter samtaler med kommunen trudde Lier han hadde fått inn sine krav til undergang for maskiner og kyr, men i reguleringsplanen var ikkje dette fastlagt.

Lier sendte klage til kommunen, men dei meiner Lier må ordne dette sjølv i  forhandlingane om grunnavståing med Statens vegvesen. Både lokallaet og fylkeslaget støttar Lier i saka, men utfallet er enno uvisst.

Les meir i Haugesunds Avis