Bondelaget krev raskare svar på DNA-prøver
Sogn og Fjordane Bondelag krev fortgang i DNA-analysen i samband jervane som hittil i år er tekne ut i region 1.
Til saman to jervar er så langt i 2016 felte i region 1. Den eine vart teken like ved busetnaden i Mørkridsdalen i Luster.
Rask analyse
- For å kunne gjennomføre ei truverdig forvaltning av jerv innan dagens forvaltningsregime er det viktig at det vert fortgang i analyser av DNA materiale som vert samla inn, skriv organisasjonssekretær Merete Støfring i Sogn og Fjordane Bondelag.
I eit brev til Miljødrirektoratet peikar Bondelaget på at det dei siste par åra har det kome relativt raske svar vedrørande innsamla DNA-materiale.
- Vi forventar at dette vert prioritert slik i vår også, skriv Støfring i brevet.
Kravet
Sogn og Fjordane Bondelag forventar raske analyser og kunngjering av DNA:
• Frå dei to jervane som er felt i region 1 i 2016.
• Frå møkprøvar som vert samla inn og frå andre jerv som vert felt denne våren
Kopi av brevet til Miljødirektoratet er sendt til leiar Alexander Øren Heen i Rovviltnemnda region 1, som omfattar Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder.