Bodhild Fjelltveit ny andre nestleiar i Norges Bondelag
Under årsmøtet i dag vart Bodhild Fjelltveit frå Bergen vald til andre nestleiar i styret til Norges Bondelag. Knut Byrkjenes Hauso vart vald inn i valnemnda.
Bodhild har tidlegare vore styremedlem i Norges Bondelag og er no vald til andre nestleiar.
Resten av styret:
Leiar: Lars Petter Bartnes, Trøndelag
1. nestleiar: Bjørn Gimming, Viken
2. nestleiar: Bodhild Fjelltveit, Vestland
Styremedlemer:
Audhild Slapgård, Trøndelag
John-Erik Skjellnes Johansen, Nordland
Arthur Salte, Rogaland
Solveig Bratteng Rønning, Nordland (Tine)
Arne Elias Østerås, Hedmark, (Felleskjøpet)
Varamedlemer:
- Egil Chr Hoen, Buskerud
- Torleif Müller, Vestfold
- Ragnhild Duserud, Østfold
Knut Byrkjenes Hauso vart vald inn i valnemnda med Kari Heggenes Kvammen som vara.