Blide karar i Lærdal
- Vi har fått 6 nye medlemer i 2020, og er godt nøgde med det seier leiar i Lærdal Bondelag Njål Kaardal Golf
Å verve nye medlemer har vore tenkt på og gjort noko med gjennom heile året. Det er viktig å ta tak i dei nye bøndene som tek over gardane. Det føler eg vi har lukkast rimeleg godt med held leiaren fram. Kanskje har leiaren i Lærdal Bondelag eit viktig poeng. Skippertak er bra, men å tenkjer medlemsverving jamt og trutt heile året er det som dug.
På årsmøtet i Lærdal Bondelag vart sitjande styret attvalde. Styreleiar melder om at styret, som har ein ung gjennomsnittsalder, er motiverte for å gjere ein god jobb.
- Leiar: Njål Kaardal Golf
- Nestleiar: Viktor Yttri
- Kasserar: Ole Ramshus Sælthun
- Sekretær: Jens Reidar Ljøsne
- Styremedlem: Aleksander Skjerping Mo
Blide karar på årsmøtet i Lærdal Bondelag F.v. Aleksander Kjerping Mo, Per Øvrevoll og Viktor Yttri.