Bli med i mentorordninga Bonde hjelper bonde!
Mentorordninga Bonde hjelper bonde går ut på at du som er fersk bonde under 40 år gjer ein formell avtale med ein erfaren kollega om å bistå som diskusjonspartnar i drifta gjennom eitt år. Ordninga omfattar alle produksjonar, også Inn på tunet, lokal foredling m.m.
EIT EKSEMPEL: unge bønder er Anne Rita Kalvøy Boge og Kjell Erik Boge. Mentorarar er Else og Terje Vedå frå Kringla i Gulen Kommune.
Enn så lenge er dette eit treårig prøveprosjekt i Hedmark, Oppland, Agder-fylka, Hordaland, Sogn og Fjordane og Trøndelag. Høryer du heime i desse fylka kan du no søke om å bli med som ung bonde, mentor eller par i 2019.
Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har ansvar for gjennomføringa i samarbeid med Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Innovasjon Norge. Det blir gjeve økonomisk støtte over jordbruksavtalen.
Regional oppfølging
Alle mentorpar blir tilknytta ein regionkontakt i NLR. Før de set i gang får de opplæring i kva opplegget går ut på, og kva det vil seie å vera mentor. Opplæringa skjer regionvis der mentorar, unge bønder og regionkontaktar i NLR samlast. Mentorpara inngår ei avtale som inneheld kommunikasjon og møter gjennom eitt år. Mentor mottar 8000 kroner for arbeidet etter gjennomføring.
Gode tilbakemeldingar
I FJØSEN: Else og Terje Vedå er mentorar for Anne Rita K. Boge og Kjell Erik Boge, og dei har overført mangeårige erfaringar og kunnskap i praksis.
– Mentorordninga har fungert veldig godt i dei to åra den har vore i drift. Vi ser at mange har stort utbytte av å delta. Dette er eit gjennomarbeida opplegg med opplæring av mentorar og oppfølging gjennom året, sier Mette Feten som er nasjonalt ansvarleg i NLR.
Ynskjer du å delta i mentorordninga i 2019 finn du søknadsskjema på nlr.no.
Søknadsfristen er 1. desember.
Fakta om mentorordninga bonde hjelper bonde
• Ordning for nye bønder under 40 år
• Prøveordning frå 2017 til 2019
• Gjeld fylka Trøndelag, Sogn og Fjordane, Hordaland (frå 2019), Aust- og Vest Agder, Hedmark og Oppland
• Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har prosjektledelsen
• Regionkontaktar i NLR sørger for regional opplæring og oppfølging
• Tett samarbeid med Norges Bondelag, Norges Bonde- og Småbrukarlag og Innovasjon Norge
• Økonomisk støtte over jordbruksavtalen
• Varighet eitt år per par
• 10 par i kvart fylke i 2017
• 15 par i kvart fylke i 2018
• 15 par i kvart fylke i 2019
Meir informasjon om ordninga finn du her:
Meningsfull mentorveiledning
Lærer mer om ullen lidenskap
Bedre bær med mentor
Bonde hjelper bonde i mentorordning (Nationen)
Vil du bli med i mentorordninga i landbruket? (Landbruks- og matdepartementet)
Mangler du kårkall? Søk om mentor (Norsk Landbruk)