Bjørn Rørtveit attvald som leiar i Stryn Bondelag
- Det er kjekt å høyre at medlemene skryt av jobben leiaren i lokallaget har gjort. Det er viktig at lokallagsleiarane våre får oppmuntring og ros for den jobben dei gjer, seier fylkesleiar Per Hilleren som representerte fylkeslaget i årsmøtet til Stryn Bondelag
Stryn Bondelag hadde lagt årsmøte sitt til Smak Kafe der 14 stk hadde funne vegen. Leiar i laget Bjørn Rørtveitla fram ei årsmelding som vitna om eit lag med god aktivitet, seier fylkesleiaren. Det kan nemnast Open Gard , HMS-kampanje, Undervisningsoppleg på ungdomskule og gardsbesøk. Det var ein engasjert forsamling som gjerne drøfta både medlemsverving, jordvern, Open Gard og samarbeid med dei andre Bondelaga i Stryn.
Bjørn gjer ein god jobb som leiar i laget, det var og godt å registrere den posetive attendemeldinga som han fekk frå årsmøte for arbeidet som han gjer, seier Hilleren. Det er viktig å kunne rose dei som tek på seg ansvaret som lokallagsleiar.
Styret i Stryn Bondelag ser silk ut etter årsmøtet: Bjørn Rørtveit (leiar) ,Magne Jonny Sølvberg, Jørgen Fure, Lars Henrik Skår(ny) og Stig Tore Hoem (ny)