Bjørklund held fram som leiar i Tyr Sogn og Fjordane
Talet ammekyr i fylket syner dei siste åra ein auke, og Tyr Sogn og Fjordane jobbar aktivt for å styrke kunnskap og interesse for å drive med ammeku. Hogne Bjørklund frå Naustdal vart attvald som leiar på årsmøtet i byrjinga av februar.
Tyr Sogn og Fjordane planlegg og legg til rette for faglege møte, gardsbeøk og kurs med sikte på å utvikle kompetanse og skape interesse for ammekuproduksjonen. Styret arbeider også med dei økonomiske vilkåra for produksjonen med utgangspunkt i at storleiken på buskapane i Sogn og Fjordane er mellom dei minste i landet.
Sogn og Fjordane Bondelag ynskjer fylkesstyret i Tyr lukke til med nytt arbeidsår.
Styret i Tyr Sogn og Fjordane ser slik ut for 2019/2020:
Leiar: Hogne Bjørklund
Nestleiar: Anita Sæther
Styremedlemer: Steinar Scanke, Frode Grinde og Sonja Skaare Esperød.
Vara i rekkefølgje: Jan Henry Tverberg, Erlend Brede Fossen og Jo Paulan Helgheim.
Frå venstre: Frode Grinde, Hogne Bjørklund, Erlend Brede Fossen, Steinar Schanke, Sonja Esperød Skaare, Jan Henry Tverberg og Anita Sæther.