Bjarte, Frode og Leif Arne gjekk av etter lang teneste
Det er fleire lokallagsleiarar som tar ein ny "runde" når ingen andre vil ta på seg vervet. Både Bjarte Naterstad og Frode Handeland har vore leiarar for andre gong. No takkar dei for seg. Leif Arne Lirhus gir seg også etter fleire verv lokalt og regionalt.
Bondelaget er avhengig av frivillige i alle ledd, og det er heldigvis mange som stiller opp. Nokre tillitsvalde gjer ein ekstra innsats og syter for at hjula i både lokallag og fylkeslag går rundt. Fleire av dei bidrar også sentralt i Norges Bondelag.
Bjarte Naterstad har vore leiar i Omvikdalen Bondelag sidan 2016, men han har også vore leiar og hatt fleire andre verv i Rosendal og Seimfoss Bondelag før lokallaga vart slått saman til Omvikdalen Bondelag.
Bjarte var styremedlem og nestleiar i Hordaland Bondelag frå 1998 til 2006 før han leia i valnemnda i Hordaland Bondelag i fleire år. Bjarte har også gjort ein stor innsats for å få til ein god samansetning av styret i Norges Bondelag. Han var medlem av valnemnda der i tre år, og leia nemda det siste året (2016-17).
Etter ein ny runde som lokallagsleiar gir han stafettpinnen vidare til Øyvind Sandvik. Knut Byrkjenes Hauso deltok på årsmøtet i Omvikdalen Bondelag og har tatt bilde av Bjarte og den nye leiaren Øyvind.
Frode Handeland har tidlegare vore både nestleiar og leiar i Sveio Bondelag. Han var styremedlem og nestleiar i Hordaland Bondelag frå 2013 til 2017 og no er han medlem i Miljø og kvalitetsutvalet i Norges Bondelag. Frode ga seg som lokallagsleiar på årsmøtet 16. oktober. Ny leiar er Jon Bergmål.
Leif Arne Lirhus har hatt fleire verv i Vossestrand Bondelag tidlegare, han var mellom anna nestleiar frå 2011 til 2014. Han var styremedlem i Hordaland Bondelag frå 2012 til 2016 før han tok over leiarvervet i lokallagsstyret i 2016. No gir han leiarvervet vidare til Oddbjørn Bratthole.
Leif Arne er ikkje heilt ute enno, som vara for møteleiar i årsmøtet til Hordaland Bondelag måtte han steppe inn på kort varsel og leie leiarmøtet vårt i Norheimsund 7.-8. november.