Bilete frå Bergen Matfestival
Det var mange som tok turen til Bryggen i Bergen under Matfestivalen førre veke. Hordaland Bondelag hadde stand i eit område som var retta mot barn.
Nytt i år var "Barnas Matfestival" som ein del av Bergen Matfestival. 4H hadde kafe og stand, medan Hordaland Bondelag stilte med traktor, dyr, quiz, leigegarden og informasjonsmateriell.
Hordaland Bygdekvinnelag og Fagforum Inn på Tunet Hordaland var også med. Felleskjøpet Agri lånte bort ein stor traktor, som folk kunne klatre opp i og ta bilete, og ein liten trøtraktor som barna kunne leike med.
Grisen og kalven var klare favorittar. Det vart arrangert ein namnekonkurranse for dyra, og resultatet får du vite seinare.
Les om matfestivalen og den 60 kg store osten frå Ostegården i Bergens Tidende.
Sjå bilete her: