Betre jakt
Human og sikker jakt, samt ettersøk, er tema på kveldsseminar som Norges Jeger- og Fiskerforbund, saman med fylkeskommunen og kommunane skipar til på fleire stader i fylket.
Kveldsseminara er gratis, og programmet er lagt opp slik:
HUMAN OG SIKKER JAKT v/Tore Andestad
- Når er hjortejakta på sitt beste?
- Kva jakt situasjonar ender med bom- og skadeskot?
- Kva gjev trivelegare jakt med fleire dødelege skot?
- Fokus på sikkerheit
ETTERSØK v/ Rudi Sønnervik
- Ansvaret for ettersøket
- Korleis bør ein jeger opptre når uhellet er ute?
- Kva forventar ettersøksjegaren av jaktlaget?
Seminaret varer frå kl. 18.00-22.00, og går føre seg på følgjande datoar og stader:
Måndag 23. januar: Stryn Kulturhus
Tysdag 24. januar: Nordfjord Hotell, Eid
Onsdag 25. januar: Førdehuset
Torsdag 26. januar: Lavik skule
Tysdag 31. januar: Borgja på Ålhus
Onsdag 1. februar: Sogndal i kommunestyresalen
Torsdag 2. februar: Lærdal Kulturhus
Seminara er gratis, men send likevel påmelding. Påmeldingsfrist er 10. januar.
Påmelding kan gjerast slik:
Via nettsida til Norges Jeger- og Fiskearforbund, www.njff.no/sognogfjordane
E-post: sognogfjordane@njff.no
Tlf. 970 76 702
Arrangørar: Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane, fylkeskommunen og kommunane.