Heilei lesarinnlegget som fylkesleiar Anders Felde har skrive kan du lese nedanfor:

Det er fleirtal på Stortinget for regjeringa sitt statsbudsjett.   Det er avgjerande for norsk matproduksjon si framtid at det skal lagast ein plan for tetting av inntektsgapet i løpet av 2022. 


Det er også fleirtal for regjeringa sin investeringspakke på 200 millionar retta mot overgangen frå båsfjøs – lausdrift for storfe.  Da er strålande bra, men der er eit men.   Det har truleg aldri har vore so vanskeleg å gjere ei lønsam investering knytt til bygging av nytt fjøs for storfe.   Auka byggekostnad er spesielt utfordrande, og på toppen av det heile kjem svekka inntening i drifta grunna mellom anna svært høge kostnader på straum og kunstgjødsel.  Spesielt er det utfordrande for dei som byggjer for under 30 kyr.  Desse bruka er målgruppa for den auka løyvinga til investering frå regjeringa.  Lønsemda i norsk landbruk er dårlegast hos dei som har investert dei siste 5-10 åra. Skal vi framleis legge til grunn at investeringar innan storfe skal baserast på dugnad i tillegg til høg risiko? 


Innovasjon Norge i Vestland melder om søknadstørke for nye mjølkefjøs.  Verkemiddela for den einskilde utbyggjar er ikkje gode nok slik dei er innretta i dag.     Det er difor HEILT avgjerande at regjeringa allereie for 2022 betrar investeringsverkemiddela for kvart byggeprosjekt.   Tak på tilskot må aukast frå 2 til 3 millionar (3,5 millionar om ein bygger i tre) og tilskotsprosenten må opp frå 35% til 50%.   Auke av prosentsatsen vil vere eit insitament for å bygge mindre som i større grad er tilpassa driftsgrunnlaget på garden.    Desse grepa er dei einaste som kan bidra til betre lønsemd og med det løyse ut nyinvesteringar på kort sikt.


Truleg er det i Vestland vi har bygd dei minste nye mjølkefjøsa dei siste åra, og vi har utnytta handlingsrommet i investeringsverkemiddela maksimalt for å legge til rette for dette. Vi fekk fart på investeringane til bruk under 30 kyr då investeringstilskotet  vart auka til 2 millionar kroner i 2015. No er denne effekten borte grunna stor prisauke. Det er ikkje samsvar med målsettingane om å prioriter utbygging i lausdriftsfjøs og faktiske rammevilkår. 
Nokre få byggeprosjekt stoppar hos inovasjon norge grunna svak lønsemd, men dei fleste stoppar i planleggingsprosessen lenge før fordi bonden innser at bygging ikkje lønner seg og at risikoen blir alt for stor. Planleggarane melder om at det er færre aktuelle saker no enn tidlegare. Det hjelper lite med auka investeringspott dersom ikkje pengane kan brukast målretta. Det bør vere opp til partnarskapen saman med Inovasjon Norge i dei enkelte fylke å bestemme mak

s. investeringsnivå ut frå at utfordringane er ulik i dei ulike regionane. Sjølvsagt innanfor budsjettrammene.
Regjeringa må gi klare signal om at det framleis er behov for mjølkebruka under 30 kyr.  Å løyve pengar utan å bidra til betre lønsemd er faktisk «skivebom» når det gjeld å nå måla. Mange tel på knappane om dei skal vere med vidare.  Det er kort tid til 2024 som stiller nye krav til husdyrromma. 


Vi i vestland Bondelag kan ikkje forstå at landbruks og matminister Sandra Borch ikkje bidreg til å løyse ei av dei største utfordringane vi har i bærebjelken i norsk landbruk.  Å utsette forbetra investeringsverkemiddel enno eit år, vil vere eit svik mot framtidsbonden., skriv Felde avslutningsvis i innlegget.

Da kostar å kome seg frå bås til lausdrift og da er mange som skal vere med og gjere det store spranget med bygg og teknologi i Vestland.  Flest mogleg to og firføtte bør få moglegheit til å vere med.  Då har vi ikkje tid til å vente eitt år med endring av innretninga på investeringsverkemidlane.