Oppmøte var på Jordbruksskulen på Stend.  - Der kom det buss å henta oss før me for vidare til Langedalen til Torgeir og Kristin Lavik, skriv Kjersti Hjelmeland.    Dei hadde bygd ny driftsbygning i grindverksbygg til omlag 40 ammekyr.  Det var ulike ammekyr, men dei ville satsa på rasen Tyroller gråfe. Dei har og litt spælsau. Dei nyttar utmarksbeite resurssane på garden med å la omlag 60-70 storfe beita i byfjelda med nofance.Sauene beita og i same området. Unge satsande bønder er kjekt å sjå i Bergen! Dei hadde omlag alt fôrgrunnlagt rundt garden.  Det vart intressant og sjå, fine og sosiale dyr. Beggje to arbeida fullt utanom garden, dei har ein enorm vilje og interesse for å få dette til.  Rett og slett imponerande konkluderer Kjersti. 

Flotte fjøs hos Torgeir og Kristin Lavik.

 

Frå bruk med ammeku gjekk turen vidare tilbruk med sau

Neste stopp var hos Ruben Tunestveit Kengakaran.  Han hadde omlag 125 vinter fora sauer i ny driftbygjning frå 2018.   - Det var eit svært godt opplegg på fòringa, med bandforing på fôrbrettet til sauen. God og triveleg flor, seier Hjelmeland. Han hadde og bygd seg reiskapshus som han nytta litt i lembinga.  Intressant og flott oppleg. Kjekt å sjå satsande sauabønder i Arna. Han har og arbeid utanom garden, men håpar å kunne redusere det på sikt.  

Bilete frå ny og moderne fjøs med reiskapsrom i Arna

Etter gardsbesøka venta gjennomføring av årsmøte på Stend.  Det vart servert pizza, kaffi og noko attåt.  Evind Myrdal tok attval som leiar i Bergen Bondelag.  - Så var me inne på diskusjonen kva eg som tilitvald i Vestland Bondelag kan gjera for at me ikkje skal mista fleire bønder i Vestland, held Hjelmelandfram.  Eg prøvde å svara så godt som eg kunne med å auka lønnsemnda i landbruket, og å gjere det attraktivt for unge å overta gardane.  Var inne på læringeordniga i landbruket, der fleire av medlemane hadde posetive erfaringar frå feks garterni, og håpar dette kom i Landbruket.  Mange som vert "rabbagast" på skulen hadde eit betre opplegg med lærlingordning, var det nokon som påstod.  Det å kunne vise til eit fagbrev i yrket er sakna blandt yngre.  Bodil Fjelltveit hadde litt kommentarar og informasjon til Læringordninga i Landbruket. 

Så var det beredskap, hadde bondelagt ein plan på beredskap på diesel, korn og staum. Visste kommunen i Bergen om feks straumen gjekk der, kor mange mjelkebønder som hadde treng hjelp. Og samarbeid med forsvaret. Og dele som me er avhengige av, kva me gjer i ei krisa om me ikkje får tak i. 

Eg hadde ein utrueleg flott og lærerik dag saman med Bergen Bondelag , avsluttar ei tydeleg nøgd Kjersti Hjelmeland