Bodhild Fjelltveit-Vi driv i ei langsiktig næring, som brukar fleire år på produksjonssyklusane, og det er for seint å så når ein er svolten, sa Bodhild i Bergen Bondelag sitt inspel til Landbruksplanen i Bergen. Under kan du lese eit utdrag av Bodhild sitt innlegg:

Vi er inne i eit år der grunnlovsjubileet får stor merksemd i media. Det gir oss eit godt høve til å snakke om Noreg, om kven vi er, korleis vi har vorten slik, og korleis vegen vidare kan verta. For som vi alle veit, lagar ein veg i vellinga kan ein også kome seg opp og fram.

Året har også for landbruksnæringa starta med stor merksemd. Vi har fått ein Landbruks- og matminister som vil laga veg i vellinga, ser det ut til. «Å lage veg i vellinga» kan mellom anna tyde «å brøyte seg fram, rydde kraftig opp, eller å få fart på sakene», og det kan vel ikkje verta meir treffande når vi sidan hausten 2013 har høyrd kva ministeren har på hjarta. Her skal det effektiviserast, og det som før har vore er ikkje sikkert at får vere med på vegen vidare.

Bynært landbruk og omlandsbønder
Dersom vi går attende i tid ser vi at det var ei tid då by og omland var i dagligtalen, og dei var gjensidig avhengig av kvarandre. Omlandsbøndene produserte mat og fekk omsett den i byen. Byfolket fekk mat, og kunne levere ulike handelstenester attende til bøndene.

Illustrasjonsfoto frå BergenUtover nittenhundretalet vaks byen meir og meir og trong disponibelt areal. Lettaste areal å byggje på var då, som no, dyrka mark, og meir og meir av dei bynære bøndene sine matproduserande areal vart bygt ned.

Langs denne vegen i vellinga mista, og fekk byen noko.  «Kjøkenhagane» i byane forsvann, uttrykk som kortreist- og langreist mat oppstod, ein bestefar med gard på landet var ikkje lenger kvardagskost for oppveksande generasjonar, og besøksgardane fekk sitt opphav.

Globalt ser vi ein enorm befolkningsvekst, samtidig som klimaet stadig er i forandring. Vi kan like det eller ikkje. Eitt omsyn som
vêr og vind aldri har teke er at folket må ha mat. Det omsynet må vi ta på alvor.

Ser vi 2014 i ljos av denne historia ser vi at Bergensbonden framleis er her, nokre av utfordringane er dei same, nokre er borte, og nokre har kome til på vegen:

Jordvern
Produksjonsevna til jorda er avhengig av struktur og klima. Matjord er meir enn jord! Det er ei avgrensa ressurs som er med å sikre matforsyninga til landet vårt. Byggjer ein ned 1 daa matjord kan ein ikkje automatisk erstatte dette med 1 daa nydyrka areal. Det tar tid før ein oppnår same kvalitet på matjorda. Det bynære landbruket har utan tvil sine fordeler, både med tanke på jorda sin kvalitet, og nærleiken til marknaden. Utfordringa er at når byen veks, er dyrka mark lettast og billigast å byggje ned. Areal skal det vere nok av, berre 3 % av Noreg sitt areal er per dags dato definert som matjord. Framtidig byplanlegging må i større grad bruka areal som for landbruket er «uproduktive», til utbygging.

Konsesjon
Vil vi sikra framtidig matproduksjon i Noreg må rammevilkåra i form av føreseielege og sikre produksjonsvilkår vera sterke. Vi veit at innteninga er lav, og for å sikre at dei som ynskjer å drive i landbruksnæringa har høve til å erverve areal for sal, treng ein konsesjonslovene. Eit frislepp av pris på landbrukseigedomar vil sterkast ramma det bynære landbruket, og slik vi ser det er det berre dei som vil ut av næringa som vil tene på eit frislepp av pris. For landbruket vil ei styrking av konsesjonslovene vere det beste for å få ein betre struktur, særskild når ynskje frå enkelte si side er større driftseiningar.

Staten sin forkjøpsrett, som vart fjerna på starten av 2000-talet, har mellom anna svekka moglegheitene for å slå saman bruk som frå gamalt av er fråskild frå same hovudbruk. Desse bruka ser vi mange døme på i vårt område i dag. Det som mellom anna var svakt ved den gamle ordninga var at dersom seljar ikkje var nøgd med den som forkjøpsretten vart brukt til fordel for, kunne han trekkja salet. På denne måten vart effekten av forkjøpsretten redusert. Vi ynskjer fullt forkjøpsretten velkomen attende!

Vi registrerar også at regjeringa peikar på at høgare pris på matjord vil vera med og sikra jordvernet. Prisen vil nok ikkje vera det som er utslagsgjevande om det vert bygt på matjord kontra uproduktive areal, då utbyggingskostnadane vil vera mykje lågare på matjorda. Ein for høg pris vil føra til at bonden ikkje har råd til å eiga sjølv, og vi spør oss: Er det eit ynskje at kapitalen eig jorda medan bonden vert leilending? Best styrking av jordvernet vert gjort ved lov, ikkje med pris.

Mat er ikkje sølvsagt. Bergen Bondelag under ein aksjon i 2012Sjølvforsyning av mat
Regjeringa har uttalt ynskje om høgast mogleg sjølvforsyningsgrad av mat. Kva er høgast mogleg? Kva for nokre verkemiddel vert brukte? Og korleis best oppnå målsettinga? Samstundes registrerer vi at ministeren ynskjer å leggja om overføringane over landbruksbudsjettet. Då må vi fyrst og framst kartleggja kor mykje av overføringane som går til matproduksjon, og kor stor del som ikkje er knytt til matproduksjon. Kanskje vil vi måtte konkludere med at ein del av overføringane klart høyrer heime i andre budsjett. Fyrst når denne øvinga er gjort, kan ein dra konklusjonar om kva norsk matproduksjon verkeleg kostar i statsbudsjettet.

Historia syner at endringar av overføringane i særleg grad har ramma Vestlandsjordbruket, og dei tradisjonsrike familiebruka i landet vårt. Topografien i vårt område ein sterkt avgrensande faktor for storleiken på bruk. Vestlandslandbruket må difor sjåast på særskild.

Viktig med volumproduksjon
Vi ynskjer også å vise at vi er stolte av nisjenæringa i kommunen vår. Vi er også stolte over at kommunen sender søknad til UNESCO om å verta gastronomiby. Vi heier fram, og ser at dette er positivt, både for næringa og kommunen. Men som det tydeleg kjem fram av namnet nisjeproduksjon, vil dette alltid vera ein liten del av den totale matproduksjonen. Sjølv om vi tek med produksjonsareal i omliggjande kommunar, kan vi ikkje produsere nok av basismatvarene til innbyggjarane i Bergen. Som en konsekvens av dette krevs det at ein også har en produksjon med volum. Det må også i vår kommune vere rom for volumproduksjon!

Det viktigaste Bergen kommune kan vere med og gi landbruket er forutsigbarheit. Vi driv i ei langsiktig næring, som brukar fleire år på produksjonssyklusane. Det er for seint å så når ein er svolten. Vi må ikkje setja oss i en situasjon der vi ét opp neste års settepoteter framfor å få dyrka fram ny, og større avling.

Bergen Bondelag ynskjer å formidle at vi ser at ting kan gjerast annleis, men vi ser også at vi må halda på nokre viktige ting, også for Bergenslandbruket sin del: Prisreguleringa, marknadsreguleringa og kvoteordningane.

Kulturlandskap i Bergen