Bergen Bondelag er årets lokallag
Kvart år kårar styret i Hordaland Bondelag "Årets Lokallag". Kåringa baserar seg på høg aktivitet både ovafor medlemer, politikarar og lokalbefolkning. Årets lokallag 2014 er Bergen Bondelag.
Prisen vart delt ut under årsmøtet til Hordaland Bondelag.
Styret har i år valt ut eit lokallag som har hatt høg og variert aktivitet i mange år. Helie styret deltar i organisasjonsarbeidet, og også andre medlemer stiller opp på arrangement. Bergen Bondelag samarbeidar breidt og representert i fleire råd og utval.
I årsmeldinga til Bergen Bondelag kan du lese om noko av det laget heldt på med i 2014:
- Kåra Bondevener
- Deltatt i aksjon
- Deltatt på Påskemoro på Hordamuseet
- Hatt fleire lesarinnlegg på trykk og svart på høyringar
- God politikerkontakt (fleire møte, m.a arrangert frukostmøte for politikarar, innspel til partiprogram til Sp og MDG)
- Open Gard
- Open Føs (ny fjøs) på Laksevåg
- Medlemsmøte om arealplanlegging i samband med rullering av kommuneplan
- Kurs for medlemer: Motorsagkurs og seminkurs (sau)
- Kurs i styrearbeid og konflikthandtering
- Samling for nye bønder
- Hatt innlegg på innspillskonferanse for landbruket i Bergen
- Eigen nettside og facebookside