LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Gry Ingvild Agjeld.

 

-  Svak økonomi over tid, kombinert med ein stor kostnadsvekst siste tida har ført til at mange bønder har vurdert å legge ned matproduksjonen. Kravet frå Bondelaget gir framtidsutsikter for norsk matproduksjon og for den norske bonden.

Det fortel Gry Ingvild Agjeld, leiar i Vestland Bondelag. Onsdag 26.april leverte Bondelaget sitt krav til staten, no er jordbruksforhandlingane i gang.

- Det er avgjerande at vi får eit kraftig inntektsløft. Kravet syner kva vi meiner må til for å lukkast.   

 

Sterk prioritering av mjølkeproduksjonen

- Eg er glad for å sjå at kravet prioriterer mjølk. Både på inntekt, men også investeringar. 3,4 mrd. av kravet på 6,9 mrd går til styrking til mjølkeprodusentane.

Mjølkeproduksjonen står for 50 % av verdiskapinga frå jordbruket i Vestland.

- Vi er svært sårbare i Vestland då vi framleis har fleire enn 500 mjølkeprodusentar som står overfor store investeringar med overgangen frå båsfjøs til lausdrift. Difor er det gledeleg å sjå at investeringsverkemidlane frå båsfjøs til lausdrift vert styrka.

 

Framtidsretta krav

- Det er mykje positivt i kravet.

Agjeld peikar på styrking av industribær og auka distriktstilskot på egg som bra for Vestland.

- Kravet har ei tydeleg distriktsprofil, med særskild prioritering av utmarksbeite og beiting.

No håpar Agjeld at staten kjem landbruket sitt krav i møte.

- No er det opp til  regjeringa å levere, avsluttar ho.

 

Tilbodet frå staten kjem fredag 5.mai.

 

 

Her er hovudgrepa i jordbruket sitt krav

  • Eit kraftig inntektsløft som reduserer gapet mellom bonden og andre grupper i samfunnet.
  • Kostnadsdekning og kompensasjon for svikt i inntektene 20212023 (svakare utvikling enn andre).
  • Særskild prioritering av økonomien til mjølkebonden.
  • Styrke velferdsordningane ved å auke satsane i ordninga, og auke taket for tilskot (treff mange mjølkebruk).
  • Eiga satsing på landbruket i NordNorge med styrking av verkemiddel.
  • Prioriterer grovfôrproduksjonar og beitedyr.
  • Legger til rette ein landbrukspolitikk som kan differensiere på bruksstørrelse også i planteproduksjon gjennom endringar i arealtilskot.

 

Fakta om den økonomiske ramma

Ramma på kravet er 6,9 mrd.kr, kor kostnadsdekning er 1,1 mrd.kr. og kompensasjon for tapt inntekt i 2021-2023 er 888 mill.kr. Finansieringa av kravet skjer gjennom auka målprisar som utgjer 1,07 mrd.kr. og budsjettoverføringar på 5,4 mrd. kr. Jordbruksfrådrag og ledige midlar utgjer 433 mill.kr. Kravet vil gje ein samla inntektsvekst på 171.300 kr per årsverk, og av dette går 120.000 kr til å tette inntektsgapet mellom bonden og andre grupper.