Aud er ikkje nokon nykommar innan landbruket, og har brei fagleg bakgrunn mellom anna gjennom kompetansenavet for lokal mat.

Engasjementet i møtet var godt og dialogen ivrig kring økonomi der Bondelaget fekk både ros og ris, men da hjalp å sjå summen på søknaden om produksjonstilskot. Kapitalavkastning, Gryttenutval og Open Gard var andre tema i diskusjonen.  Lars Peter Taule representerte fylkeslaget i møtet og han melder attende om ein trivleg kveld med mange gode spørsmål og god prat.  På menyen stor både hjort og lefser, så da vart etterkvart ein sein kveld før alle kom seg heim att. 

Styremedlem Atle Kringlen t.h. gav avtroppande leiar ei heimelaga trerive som takk for innsatsen.  Ei trerive kan vere symbol på så mangt.....

Norid Smådal fekk takk for mange år som styremedlem, Arild Herstad som leiar og Ola Dag Thingnes lengst til høgre fekk også påskjønning frå laget. 

Takk for innsatsen til Arild og Norid :) 

Styret i Naustdal Bondelag er det komande arbeidsåret sett saman av Aud Slettehaug, Atle Kringlen, Vidar Heggheim, Hogne Bjørklund, Joakim Aase og Steffen Veien.