Åse Hogrenning nye leiar i Loen Bondelag
Møtet i lokallaget skulle vore gjennomført før jul, men av ulike årsaker vart det utsett til siste dagen i januar. I dette årsmøtet fekk Loen Bondelag ny leiar. Med sine 25 år er truleg Åse Katrin Hogrenning den yngste leiaren nokon gong i lokallaget.
Ho tek over vervet etter Ingvill Tronrud som held fram som nestleiar. Med seg i styret får ho desse styremedlemene: Karl Ove Loen, Malene Haugen, Olav Lars Rake og Håkon Loen.
Fylkeslaget ynskjer den nye leiaren og heile styret i Loen Bondelag lukke til med arbeidsåret.