Årsmøte i Huglo Bondelag
Huglo Bondelag vart kåra til årets lokallag 2019, men grunna korona vart det ikkje utdeling av diplom på fylkesårsmøtet. Fylkeskontoret i tidlegare Hordaland Bondelag tok difor turen til årsmøtet.
Huglo Bondelag vart kåra til årets lokallag for den gode aktiviteten i lokallaget gjennom mange år. Lokallaget er lite, men dei deltar på arrangement i fylkesregi og har både møte og kurs for eigne medlemer. Dei har også vore engasjert i organisering av lokale bønder i samband med det nye biogassanlegget.
På årsmøtet hadde Lars Peter Taule eit innlegg om saker frå fylkeslaget, og Maria Makloufi Skjold delte ut diplom og blomster og gratulerte med seieren i fylket og 3. plass i den nasjonale kåringa. Det vart servert rømmegraut, spekemat og kake.
Før årsmøtet fekk dei tilsette på kontoret ei omvising på garden til lokallagsleiar Erik Willgohs.