Stortingsrepresentant Terje BreivikDen politiske debatten om Vestlandsjordbruket skulle hatt eit panel med Høgre, Venstre i tillegg til representantar frå bondelaget. Vi ville gjerne ha med Frp, men dei hadde ikkje høve til å stille med ein representant. Då representanten frå Høgre vart vêrfast i Finnmark, vart det opp til Stortingsrepresentant Terje Breivik (V) å svare på spørsmåla frå salen.

Breivik starta med å seie at bøndene er gull verdt og kjem til å stige i verdi. Han sa fleire gonger at kunnskap er nøkkelen, og at bondelaget må halde fram med opplæring av politikarane. Han sa også at Venstre er knallharde på jordvern og opptekne av langsiktigheit. Endringar må skje i samråd med bøndene og vere basert på kunnskap, meinte han.

Leiar i Hordaland Bondelag, Frøydis Haugen og Synne Vahl Rogn frå styret i Norges Bondelag deltok også i debatten.

Årsmøtet går føre seg på Voss, og i det høvet fekk vi Vossingen Kari Traa til å halde eit føredrag. Kari sa at ho eigentleg vil vere ein av oss bønder, og det var difor passande at årsmøtet kåra ho til Bondeven med t-skjorte og forkle.

Årsmøtet er utseningane sin arena, og mange av dei har vore oppe på talarstolen og tatt opp tema som lokallaga er opptekne av.

I kveld er det festmiddag, og i morgon hald vi fram med mellom anna jordbruksforhandlingane og val.

Reidar Konglevoll stiller spørsmål til panelet

Kari Traa fekk Bondevenn t-skjorte og forkle av fylkesleiar Frøydis Haugen

Basar med Kari Traa