Årsmøte i Halsnøy Bondelag
Clara Hveem tok attval som leiar då Halsnøy Bondelag arrangerte årsmøte førre veke.
Clara fortel at det var godt frammøte og god stemning. Det kom mange unge medlemer på møtet, noko som ikkje alltid er vanleg på lokallagsårsmøte. Distriktssjefen i Landkreditt heldt eit føredrag som skapte gode diskusjonar om økonomien i landbruket framover.
Her er det nye styret. Frå venstre Anfinn Tofte, Clara Hveem, Hilde Lie, Arne Helge Ommer og Marianne Nordhus.