Årsmøte i Eikefjord Bondelag
På møte vart mellom anna kravet om lausdrift diskutert.
12. oktober hadde Eikefjord Bondelag årsmøte.
Laget har mykje aktivitet og er mellom anna med på Open Gard og Eikefjorddagane.
Ei av sakene som skapte mest engasjement på årsmøte,var lausdriftskravet. Laget meiner ein må få meir økonomisk støtte for å klare dei store innvesteringane det er å bygge nye fjøs.
Fokus på medlemsverving
Vidare tok dei opp medlemsverving. Ei sak laget skal ha fokus på utover hausten.
Dette var eit møte med mykje engasjement og gode diskusjonar.
Styret i Eikefjord Bondelag tok attval på årsmøte.