Anders Felde medlem i Produsentråd

Nortura har bedt om at Norges Bondelag etablerer produsentråd for storfe og svin for å forsterke bodskapen om å ta ned produksjonen. Rådet vart etablert sist veke og tidlegare fylkesleiar i Vestland Bondelag; Anders Felde er ein av medlemene i Rådet.
- Vi i Vestland Bondelag tykkjer det er flott at Anders sin kunnskap vert nytta inn i dette arbeidet, seier leiar i Vestland Bondelag Gry Ingvild Agjeld.
Produsentråd storfe vert leia av Konrad Kongshaug. Han produserer storfekjøt både frå mjølkekyr og ammekyr i Møre og Romsdal, og er styremedlem i Norges Bondelag. I tillegg til Anders Felde er også Per Øyvind Sola frå Vestfold og Bjørnar Schei frå Trøndelag med i Rådet.