Anders Felde innstilt som leiar i Sogn og Fjordane Bondelag
- Eg har sagt ja, til å ta eitt år til som fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag og er svært glad for at valnemnda innstiller meg til jobben, seier ein engasjert fylkesleiar.
- Det er eit krevjande verv med mange reisedagar og eit svært breidt spekter i tema og problemstillingar som eg må forhalde meg til, men det er også det som gjer vervet som fylkesleiar til eitt av dei mest spanande og interessante verva i landbruket, held Felde fram. Anders Felde har vore leiar i Sogn og Fjordane Bondelag sidan mars 2015.
Valnemnda på si side er glade for at Felde har sagt ja til å halde fram som leiar. - Felde er ein tydeleg, kunnskapsrik fylkesleiar med svært stor arbeidskapasitet seier leiar i valnemnda Ingvill Tronrud. Han er ein svært god talsperson for landbruket i fylket.
Ole Bjarne Hovland innstilt som ny nestleiar
Valnemnda innstiller Ole Bjarne Hovland frå Naddvik i Årdal som ny nestleiar etter Ole-Ivar Åm Sognnes som hadde takka nei til vidare verv i styret. Ole Bjarne driv med sau og har vore 1. vara til fylkesstyret dei siste to åra. Han kjenner difor organisasjonen og arbeidet i fylkesstyret godt. Dei andre i styret er Kari Sigrun Lysne frå Lærdal, Nils Magne Gjengedal frå Hyen og Henriette Sunde frå Jølster.
Som vara til fylkesstyret innstiller valnemnda følgjande i nummerrekkefølgje:
1. Gry Ingvild Agjeld, Olden
2. Olav Høyheim Einan, Hafslo
3. Tor Arne Herstad, Naustdal
Valet av nytt styre for arbeidfsåret 2019/2020 skal skje på fylkesårsmøtet på Skei fredag den 8. mars.
Kontaktperson: Leiar i valnemnda Ingvill Tronrud, 90534087