Kortid stod Stalheimskleiva ferdig? Kor mange mjølkekyr er det i Voss kommune? Kven vann 3-mila for kvinner i Ski-VM i 2011?

Spørsmåla spente vidt då Egdetveit Bygdekvinnelag og Vossestrand Bondelag inviterte til Bondekafé med "Bondequiz" i ungdomshuset Solhall på Egdetveit 6. februar. Egdetveit Bygdekvinnelag stod for god bevertning og lokale, og Vossestrand Bondelag stod for quizen. Både bønder og andre tok seg ein frikveld til kaffi og drøs, og det såg ut til at alle kosa seg.

Uansett så prøver me igjen med ny kafé i Jordalen i slutten av mars, då med han Nils som gjest. Og quizen? Den var vel passeleg vanskeleg, med laget "KLAN" (Kjetil, Lars, Anita og Nils) som vinnarar. Dei fekk velja mellom Bondehuer og bonde-t-skjorter. Takk til Egdetveit Bygdekvinnelag for god servering og ein hyggeleg kveld!

Tekst og bilete: Trond Olav Neteland, Vossestrand Bondelag

Glade vinnarar! Frå venstre: Nils Jordalen, Kjetil Skjervheim, Anita Jordalen og Lars Hole

Kortid stod Stalheimskleiva ferdig?

Egdetveit Bygdekvinnelag og Vossestrand Bondelag inviterte til Bondekafé med "Bondequiz"