Aksjon i Balestrand
Fredag 19.mai aksjonerte Sogn og Fjordane Bondelag mot Landbruks-og matminister Jon Georg Dale i Balestrand. Målet var å konfrontere Dale med jordbruksoppgjeret.
Dale deltok i dag på den offisielle opninga av Ciderhuset Économusée – Handverkarar i arbeid, i Balestrand.
I det høve ville Sogn og Fjordane Bondelag konfrontere Dale med jordbruksoppgjeret.
- Vi ville stoppe han på veg inn til opninga, slik at vi fekk han i tale, fortel fylkesleiar Anders Felde.
Sogn og Fjordane Bondelag strekar under at ein med aksjonen ikkje skulle råke Ciderhuset.