Lesarinnlegget sto på trykk i Os og Fusaposten laurdag 10. mai:

Å segla under falskt flagg.

Ved å utgje seg for å vere bonde og samtidig rose tilbudet frå Staten opp i skyene får ein sjølvsagt skikkelig spalteplass i media i dag. Nettopp dette gjorde Frp politikar Magne Djupvik overfor NRK Hordaland torsdag 8.mai. Både intervju i morgonsendinga  og hovedoppslag på heimesida til NRK Hordaland.

Han uttalar vidare at det er viktig at folk får vite kva grasrota meiner. Som aktiv bonde og lokallagsleiar reagerer eg sterkt på dette. Til opplysning så driv ikkje Djupvik garden lengre. Han leiger ut kvoten sin og andre slår graset hans. Då kan ein  ikkje lenger omtale seg som bonde.  Djupvik er først og fremst politikar som tydeligvis siktar oppover i Frp systemet med utspela sine.

Grasrota må vel vere dei som er bønder. Han omtalar landbruksorganisasjonane som eit hylekor. Me må vel få lov til å seie i frå kva som er i ferd med å skje!

Tek frå dei små og gjev til dei store.
Det går klart fram i tilbodet at det kun er mjølkebruk med meir enn 50 mjølkekyr det skal satsast på framover. I heile landet er det kun 8% av bruka som er over 50 årskyr. I Hordaland er det 5%. Same tendensen er det for sau og for storfe. For Hordaland er tilbodet svært dramatisk då me er av dei fylka som har dei minste driftseiningane.  Det er synd at Regjeringa ikkje nytta høvet i år til å redusera inntektsgapet mellom bøndene og andre grupper. I år har andre oppgjer vore moderate. Dessverre vil ein med dette tilbodet berre auke avstanden. Korleis auka lønsforskjell skal betre rekrutteringa, er det vel berre Djupvik som forstår.

Realisme
I Fusa vert det levert 2,21 millionar liter mjølk fordelt på 19 mjølkeprodusentar i 2013. Med dei nye kvotetaka på 1,25 millionar vil det vere kun 2 bruk igjen i Fusa. At dette er urealistisk seier seg sjølv. Berre det å få bruk over 20 kyr er utfordrande nok mange stader. Kyr må ha mat. 60 årskyr kyr med fullt påsett krev grovfôr tilsvarande 700 daa fulldyrka jord og minst 300 daa beite.

Djupvik seier at tilbodet prioriterer heiltidsbønder. Det hadde vore interessant å visst frå ein som har dreve med 3 kyr kva som er ein heiltidsbonde. Må me opp i 50 kyr eller meir??

Miljøfiendtleg tilbod
Bondelaget hadde i år lagt opp til eit krav som er svært realistisk. Det hadde ein miljøprofil som regjeringa kunne ha grepe fatt i. Statsminister Erna Solberg har sagt at "klima skal gjennomsyre alt av politikk fra denne regjeringen", men dette tilbodet vil heller forsure naturen. Store einingar vil gjere at avstandane aukar. Det vert då auke i transport av grovfôr inn til driftseiningane og møk ut igjen.  Tilbodet vil også føre til at mange mindre areal vert ulønsame å drive og vil såleis gro igjen.

Auka matproduksjon??
Regjeringa har sagt at dei skal auke matproduksjonen ved å satse på større og meir effektive bruk.  Korleis kan større einingar føre til auka matproduksjon. Dette kan berre kallast kannibalisme.

Lars Inge Vik

Leiar i Fusa Bondelag