KLOKKA 20.00: Det er ei sann glede å ønske velkomen til Hjelle på Eid. Ein time før Vestland Bondelag kom fram, var det lamming på garden. Korleis går det med lamma, og kva er viktig å hugse på? Snurr film.

 

 

KLOKKA 22.30: Det er kveld, og kvelds står på programmet. I tillegg svarar me ut kommentarane me har fått på Facebooksida vår så langt. No skal me tilbake i fjøset, kanskje får me ei lamming om ikkje lenge, følg med.
 
 

KLOKKA 23.30: Me har vore inn til sauene, men ingen nye lam er kome.

 

 

KLOKKA 03.00: Det er krevande tider når lamminga står på for fullt, og ein går døgn etter døgn med lite søvn.
No har klokka bikka 03.00, og mange søv. Slik er det ikkje for sauebonden, og her på Hjelle har me akkurat vore innom fjøsen for å sjå om det er lamming på gang. Det var det ikkje, det var derimot stille og fredeleg.

 

 

KLOKKA 06:00: Me kan melde om ein litt treig start på morgonen på Hjelle, då avløysaren forsov seg til avtalt tid.
Respekt til alle som kjem seg opp fleire gongar på natta over tid. Det er framleis ingen lamming i fjøset, no står frukost på programmet.

 

 

KLOKKA 06:30: Frukosten er vel overstått, og me er i gang med fjøsstellet.
Det er framleis ikkje kome noko lam, men me kryssar fingrane for at det kjem fleire i løpet av dagen i dag.

 

 

KLOKKA 09:00:  Me er attende i fjøset, og her er det framleis roleg. Det passar eigentleg godt, for no skal våre firbeinte venner få frukosten sin. Bli med, så kjem tilbake med ny oppdatering om ei stund. Kanskje det har kome fleire lam då?

 

 

KLOKKA 12: 00: Har det vore lamming på Hjelle? Nei, det har det ikkje. Medan me ventar har Knut Tore teke unna litt andre oppgåver. Han har mellom anna laga klar lammebingar, og merka lam. I tillegg får Erlend svar på spørsmålet han stilte på Facebook om føring av lister - snurr film. .

 

 

KLOKKA 15:00: Sjølv om lamminga uteblir, vert tida nytta godt. Sidan sist har me vore på Felleskjøpet, og Knut Tore utfordra sauebonde Arve Dahlen til hesteskokasting.Funfact: Arve vann Eid Bondelag sin optimist-pris i 2021. Blir det lamming? Vel, det gjennstår å sjå. Me har framleis eit lite håp.

 

 

KLOKKA 19.00:  I 24 timar har me vore heime hjå sauebonde Knut Tore Nes Hjelle, men lamming vart det ikkje.
I siste video svarar Knut Tore ut spørsmål som kom inn på Facebooksida vår. Samtidig som han har ei forklaring på kvifor ting vart som det vart. Vestland Bondelag takkar fint for seg, tusen takk for at me fekk kome. Me ynskjer samtidig både Knut Tore, og resten av sauebøndene masse lukke til med resten av lamminga.

 

 

KLOKKA 22.00: Etter Marita reiste attende til Førde gjekk det ikkje lange stunda før lamminga tok til. Her kan du møte Marvin og Mons.