Representant- skapet i Norges Bondelag
Representantskapet tek avgjersle som etter lovene er tillagt representantskapet, og er et rådgivande organ for årsmøtet og styret i Norges Bondelag.

Onsdag og torsdag denne uka er representantskapet samla for å gi retning til Bondelagets prioriteringar inn i årets jordbruksforhandlingar.

Representantskapet er ein viktig arena for fylkesleiarane, som legg fram prioriteringane frå sitt fylke.

-Me lever i ei uforutsigbar tid. «Alt blir bra» blei nesten eit slagord under koronaen. Me trudde på det, men det rakk ikkje å bli heilt bra igjen før neste store utfordring kom. Russland gjekk til angrep på Ukraina, samtidig som allereie store utfordringar blei forsterka. Matproduksjon, forsyningslinjer, for både mat og innsatsfaktorar blei sterkt påverka, sa ho innleiingsvis.

-For ikkje lenge sidan var ordet beredskap noko me i dette landet ikkje hadde noko spesielt forhold til. Det var litt fjernt, nesten mest bruka i festtaler. No kjenner me både ordet og betydninga på ein ny og nær måte, held Flatland fram.

Flatland sa vidare at me i landbruket seier at den beste beredskapen er løpande matproduksjon. -Eg syns me skal slenge på "i eit fellesskap av gardsbruk rundt om i heile landet", sa ho. -At landet vårt er langt og variert, er og vil bli ein styrke, som me må passe på å behalde og aller helst forsterke. Dette må vera i samfunnets interesse, og derfor eit ansvar Storting og regjering må ta på høgste alvor!, framheva Flatland tydeleg.

-Me må legge til rette for at bonde forblir bonde, og at ein ny bonde tar over der ein gamal gjev seg, skal me oppretthalde den løpande matproduksjon, og til å med auke den! Men bonden må ha moglegheit til å ta ut ei anstendig inntekt for den jobben som blir gjort!

Flatland peikte på at bonden også må ha økonomi til å kunne ta ut fri, og ta seg inn igjen når det trengs.

-Det handlar om å både bevare, men også utvikle dei politiske verkemidla vi har, som gjer det mogleg å ha ein variera matproduksjon, i nord, i sør, langs kysten, innover i landet og høgt til fjells!

At landet vårt er langt og variert, er og vil bli ein styrke, som me må passe på å behalde og aller helst forsterke. Dette må vera i samfunnets interesse, og derfor eit ansvar Storting og regjering må ta på høgste alvor!


Saman på representantskapsmøte, fylkesleiar Trude Flatland og org.sjef Jan Thorsen