I dag lanserte regjeringa en plan før økt sjølvforsyning og ei opptrappingsplan for landbruket

-Norsk landbruk er og har vore, klare til å produsera meir mat. Men me treng ein betre økonomi for å få det til! Det seier også regjeringa. – på det punktet er me einige, siar Flatland.

-Skal Noreg bli meir sjølvforsynte må bønder ha inntekt og velferd på nivå med andre. Det talgrunnlaget regjeringa no har lagt fram er diverre ikkje nok til å gje oss bønder ei inntekt på nivå med andre. At bønder må jobba fleire timar per årsverk og ikkje oppnår nok avkastning på eigenkapitalen gjer at inntektsnivået ikkje kan samanliknast med ein vanleg lønsmottakar.

-Me hadde eit håp om at dagens avklaring skulle gi eit god stortingsmelding. Diverre ser det ikkje ut som regjeringa har lukkast med dette, her må me jobbe vidare og håpe at partia i Stortinget kan hjelpe oss me å få dette UTGANGSPUNKTET (meldinga) frå regjeringa til å bli bedre!

-Eit så sterkt effektiviseringskrav som regjeringa foreslår gjer at ein går frå å måla inntekta i landbruket - til å setje eit mål basert på kva regjeringa meiner me burde ha tent. Det som skulle vera eit mål på inntektsnivået, vil verte ei målsetting for inntektsnivået. Detta var ikkje det vi ønska oss!

- Me må jobbe på - det er ikkje vedtak enda! No er saka hjå Stortinget og me må påvirke godt der i tida framover!