Maskinførarkurs i Vest-Telemark
Norsk Landbruksrådgiving Østafjells, NLRØ, vil arrangere maskinførarkurs i Vest-Telemark 15.-18. september. Kurshaldar er Kristiansand Truckopplæring ANS. Kursstaden er enno ikkje bestemt, men det blir enten i Åmot i Vinje eller i Seljord, mest avhengig av der tyngden av deltakarane kjem frå, slik at reiseavstanden blir akseptabel.
Vi ventar vi i det lengste med avgjere kursstaden.
Med andre ord vil tidlege påmeldingar vere med på å påverke val av kursstad.
Påmeldingsfrist: 2. september.
Sjå meir på heimesida til NLRØ.
For spørsmål eller påmelding;- ta kontakt med Dagfinn Ystad
Rådgiver, Norsk Landbruksrådgiving Østafjells,
Mobil: +4746816848
E-post: dagfinn.ystad@nlr.no