Jordbruksforhandlingane 2015
Lokale bondelag, fylkeslag og Norges Bondelag har i lengre tid arbeidd med kravet i samband med årets jordbruksforhandlingar. Pr nå er framdriftsplanen slik: fredag 24. april blir jordbrukets krav overlevert staten. "Jordbrukets krav" er eit fellesdokument frå bondelaget og småbrukarlaget. Statens tilbod skal koma tysdag 5. mai og fredag 15. mai skal jordbruksforhandlingane vere avslutta.