Ei akseptabel avtale
Den 16. mai vart det inngått avtale mellom jordbruket sin forhandlingsdelegasjon og Staten. Avtala har ei ramme på 1100 milionar kroner, der kravet frå Jordbruket var 1830 millionar. Fylkesleder Aslak Snarteland sier at "dette er ei akseptabel avtale, men er ikkje på nokon måte med å tette gapet til andre samanliknbare yrkesgrupper".
-Jordbruket sine forhandlarar har gjort ein god og solid jobb, sier Snarteland. - Dei har klart å forhandle fram eit innhald i avtala som samsvarar godt med dei prioriteringar vi hadde i kravet på førehand.
For Telemark sin del er viktige satsingar kome på plass, som eit særskilt tilskot til små og mellomstore mjølkebruk, styrking av velfersdordningane, eige tilskot for drift i vanskeleg og bratt lende, satsing på dei produksjonane som det er store marknadsmoglegheiter i (frukt, bær, grønt og korn).
Det vert også gjort viktige grep for å handsame overproduksjon på særskilt sau og svin, men også mjølk. Eit nasjonalt støylstilskot vert også innført med kr 50 000.
Alt i alt er dette ei akseptabel avtale sier Snarteland, med tanke på at vi forhandlar med ei regjering som vil ein heilt anna veg med landbruket i Norge. Men vegen til inntektutjamning er framleis lang, vi må arbeide hardt og målretta for å nå fram til å tette gapet til andre grupper. Dette vil vi i landbruket, og Stortinget har vedteke det. Det er og gledeleg at NBS og NB stod samla heilt inn i ei underskriven avtale.