Bønder og refleks
Torsdag 20. oktober er refleksdagen og lokale bondelag i Telemark markerar dagen saman med Trygg Trafikk. Gullbring banehage i Bø har hatt besøk av leiar og nestleiar i lokallaget og dei hadde med seg både traktor og refleks - begge delar populært! I dag skal Holla Bondelag besøke Herregårdshavna barnehage på Ulefoss, dei har med traktor og refleks for utdeling. På Brotorvet på Stathelle stiller Bamble Bondelag med refleks og traktorvaflar.
Trygg Trafikk har refleksdag kvar haust for å setje fokus på kor viktig det er å bruke refleks.
Årets refleksar er designa av Moods of Norway og traktor er sentralt element i refleksane.