- Viktig med tanke på beredskap
Henriette Sunde (styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag) oppmodar medlemene om å fylle gyllevognene med vatn, slik at ein raskt kan bidra om det skulle vera behov.
STYREMEDLEM I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Henriette Sunde.
Etter veker med sol og varme, er det tørt i terrenget. I Sogn og Fjordane har det vore fleire skogbrannar siste tida, og no ber Sunde bøndene i fylket om å tenke beredskap.
- Me vurderer brannfaren som stor, spesielt når ein snakkar om skog.
Sunde fortel at bøndene utgjer ein viktig del av beredskapen lokalt, og at gyllevognene er ein ressurs for samfunnet når det er så tørt som no.
- Det er viktig at me gjere det me kan. Difor er det viktig å fylle opp gyllevognene med vatn slik at dei er klare om det skulle vera behov.
Ynskjer å hjelpe
Sunde ber folk fylle vognene der det er rikeleg med vatn, og ikkje restriksjonar.
- Det viktigaste for oss er å vera klare om noko skulle skje, og brannmannskapa ynskjer hjelp.