Viktig å sjå produksjon av mjølk og storfekjøt i samanheng
- Distriktslandbruket må positivt styrkast allereie ved årets jordbruksforhandlingar, og det må startast eit arbeid som seier noko om korleis ein kan greie å oppretthalde og auke produksjonen i distriktslandbruket, står det i fråsegna frå fylkeslaget til Norges Bondelag
- Skal landbruket vere i stand til å nå målet om ein auka produksjon kan vi snart ikkje bli færre matprodusentar enn vi er, seier fylkesleiar Per Hilleren som i dag møter kollegaer frå heile landet for å drøfte kravet fram for jordbruksforhandlingane. Vi greier ikkje å produsere nok storfekjøt og vi ser også at vi er i grenseland når det gjeld å kunne produsere nok mjølk. All veksten i mjølkemarknaden kjem i form av import. Dette er eit faresignal, og det er etter vårt syn viktig å ha fokus på mjølkeproduksjonen som den viktigaste bærebjelken i distriktslandbruket. Det er viktig å sjå produksjonen av storfekjøt og mjølkeproduksjonen i samanheng, seier Hilleren.
Tilskot med direkte inntektsverknad for den einskilde aktive bonde og investeringsverkemidlar vert prioritert framom andre tilskot. Handlingsrommet i tollvernet må utnyttast slik at det kan vere mogleg å auke oppgjersprisen til produsent for fleire produkt, heiter det i høyringsfråsegna frå Sogn og Fjordane Bondelag.