PÅ ÅRSMØTE: Gjengen i Fjærland Bondelag.

 

26.oktober inviterte Fjærland Bondelag medlemmene sine til årsmøte i Fjærland Bygdehus. Dei hadde også invitert Svein Jarle Slinde, han skulle orientere om ulike måtar å nytte solcelle-energi.

Etter Slinde var ferdig tok Nils Magne Gjengedal ordet. Han kom frå Vestland Bondelag, og er 1.vara. Det vart mest diskusjon kring inntening og klima.

Årsmeldinga vart gått gjennom. Laget har hatt tre styremøter, og behandla fem saker. Dei har vore flinke å stille opp på møter i regi av fylkeslaget. I tillegg har de mellom anna hatt plastinnsamling og hatt kurs i varmearbeid. 

På menyen sto pizza, kaffi og wienerbrød.

 

Val

 

Leiar: Anders K.Mundal

Nestleiar: Hege Våtevik

Johannes Tufte

Svein Arne Bøyum

Ivar Erlend Waatevik

1.vara: Maria Langhelle

2.vara: Torgeir Mundal

3. vara Øistein Sørensen

 

I valnemda sit Ivar Supellen, Olav Horpedal og Gunnar Supellen.