Open fjøs i Askvoll
Ringstad og Olset DA vil i samarbeid med Askvoll og Holmedal Bondelag og Felleskjøpet Agri invitere til Ope fjøs laurdag 7. mars.
Laurdag 7. mars frå kl. 11.00-14.00 vert det Ope fjøs hos Heidi S. Ringstad og Arild J. Olset i Askvoll.
Tilbygg til eksisterande fjøs vart teke i bruk våren 2014. I fjøset er det:
- DeLaval mjølkerobot
- DeLaval innreiing, lys, kubørste og drikkekar
- DeLaval grovfôranlegg med miksar og OTS distribusjonsvogn, samt kraftfôrvogn.
- DeLaval gjødselrobot
- TCT betongspalt
Servering av TINE og Nortura produkt
Alle er hjarteleg velkomne, både bønder og andre interesserte.