Leiarmøtet skal vere ein arbeidsverkstad
- Dette skal vere ein arbeidsverkstad, der det skal vere høgt under taket, sa dei to fylkesleiarane Kjetil Mehl og Anders Felde då dei opna det felles leiarmøtet til Hordaland og Sogn og Fjordane i Førde.
Kring 80 tillitsvalde frå fylkeslaga og lokallaga i Hordaland og Sogn og Fjordane er samla til eit leiramøte som er prega av landbrukspolitikk, klimapolitikk og organisasjonsutvikling. - Utfordringane står i kø for landbruket i desse dagar, difor er det viktig å møtast for å drøfte utfordringane, held fylkesleiar Anders Felde fram.
Takk til Andreas Wiese og Arne Øvreås
Han starta møtet med å gje ros til ein av lokallagsleiarane som verkeleg har måtta stå midt i flaumen i haust. Leiar i Luster Bondelag Andreas Wiese hamna brått i media sitt søkelys då flaumen råka Luster i oktober. Han fekk vel fortent ros for måten han har takla alle oppgåvene på. Han fekk også med seg ein bondegensar til naboen Arne Øvreås som er bondelaget sin lokale lyttepost i rovviltspørsmålet. - Ingen har slik oversikt over tal jerv i fjellheimen som Arne, sa Anders Felde.
Fylkesleiar Anders Felde t.h. rosar leiar i Luster Bondelag Andreas Wiese sin innsats i samband med flaumen i Luster i oktober.