Kjekk dag i Naustdal
Naustdal Bondelag inviterte 8.klasse ved Naustdal barne- og ungdomsskule på gardsbesøk tysdag 10.april. Sjå bilder frå den vellukka dagen her.
Elevane fekk besøkeTuna samdrift i Åsedalen.
8.klassingane ser korleis Atle Kringlen (nestleiar i Naustdal Bondelag) saga ved med mortorsag.
Atle Kringlen høgg ved med øks. Alle elevane fekk også prøve seg, og la veden i sekkar. Det vart cirka 20 sekkar med ved.
Det var også spikarkonkurranse. Vinnarlaget vart premiert med kvar sin bonde-caps.
Oppe på Tunaloftet fekk elevane også steike mjølkekaker, som dei seinare fekk ete.
Inne i fjøsen fekk elevane sjå på dyr og lære meir om korleis mjølkeroboten fungerte.
8.klassingane fekk også prøve seg på ein natursti. Vinnarlaget klarte å svare rett på alle spørsmåla, og vart premiert med kvar sin bonde-caps.