Bur du i ei iderik bygd?
- Om du bur i ei bygd med mange gode idear og eit godt bumiljø, så må du berre hive deg rundt og fremje bygda sitt kandidatur til prisen for iderike bygdesamfunn, seier Bjarte Myren som skal vere med å vurdere dei ulike kandidatane.
Skal fremje bu- og tiltakslyst
Prisen for idérike bygdesamfunn vert gitt til bygdesamfunn som gjennom idérikdom, samarbeid og målretta arbeid har utvikla eit godt bumiljø med trivsel for folk i alle aldrar og/eller spennande og attraktive tilbod innbyggjarane og tilreisande i bygdesamfunnet.
Det vert lagt vekt på om bygdesamfunnet er livskraftig og om tiltaka er nyskapande eller inneheld dristige idear som fremjar bu- og tiltakslystlyst.
Det er hovudutval for plan og næring som avgjer kven som får prisen, etter at kandidatane er vurderte av styringsgruppa i Bygdeutviklingsprogrammet, der Bjarte Myren er eitt av medlemene. Prisvinnarane får eit diplom og 30 000 kroner til det vidare arbeidet sitt.
Prisen vert delt ut av fylkesordføraren på fylkestinget 11. og 12. desember i år, og grunngjevinga for tildelinga vert samstundes lagt fram av leiaren i hovudutvalet.
Framlegg til prisvinnar med grunngjeving og opplysningar om kandidaten skal sendast til:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Postboks 14 , 6801 Førde
eller på e-post fmsfpost@fylkesmannen.no