Amerikanske bønder vil ha marknadsregulering

Av Hildegunn Gjengedal,
  • Tips en venn om denne siden

Sarah Degn Rachor frå Montana har opplevd eit stort fall i soyaprisen på grunn av handelskrigen med Kina. Foto: Hildegunn Gjengedal

Årsmøtet i det amerikanske bondelaget NFU vedtok denne veka fleire resolusjonar der dei ber om marknadsregulering og betre sikkerheitsnett. Møtet var prega av den vanskelege situasjonen, særleg for mjølkebøndene. Dei fleste amerikanske bøndene hadde negativ inntekt i 2018.

- Å seie at inntekta er har gått ned er for svakt, den er i fritt fall, sa ein bonde frå Kansas då National Farmers Union (NFU) diskuterte resolusjonen om marknadssituasjonen på årsmøtet ved Seattle, Washington. Han fekk inn endringa.

Bondeinntekta har falle med 50% sidan 2013. Særleg ille er det for mjølkebøndene. Prisen ligg 30% under produksjonskostnaden. I løpet av dei siste 10 åra har 30% av mjølkebøndene lagt ned produksjonen. Den nye landbrukspolitikken som vart vedteken i desember hadde betre støtteordningar for små bønder, men manglar regulering av produksjonen.

NFU ber i ein resolusjon Kongressen om å vedta ein trepunkts plan med etableringa av rettferdige prisar, regulering av volumet og ein politikk for import og eksport som kan gjenopprette lønsemda til dei amerikanske mjølkebøndene. NFU ynskjer ei bondestyrt marknadsregulering, inspirert av den canadiske modellen, som liknar den norske. NFU i mjølkestaten Wisconsin har drege i gang ein landsdekkande aksjon kalla dairy together Dei jobbar for både langsiktige og kortsiktige løysingar på føderalt og statleg politisk nivå og i marknaden, og ei styrking av bondens engasjement i samvirka.

Fleire produksjonar slit

Men det er ikkje berre mjølkeprodusentane som slit. Medianinntekta (midt i statistikken) for den amerikanske bonden er no på minus 1548 dollar. Det vil seie at eit fleirtal av bønder i alle storleikar tapte pengar siste året. Landbruksøkonomien fall med 12%. Bankane tettar kranane, noko som særleg rammar unge bønder i oppstartsfasen. NFU meiner den nye landbrukspolitikken som vart vedteken i desember ikkje gir eit godt nok sikkerheitsnett.

I tillegg til tiltak på mjølkesektoren ber NFU om betre referanseprisar, tiltak mot den kroniske overproduksjonen som i tillegg til mjølk har ramma kornsektoren (som å ta areal ut av produksjon) og auka støtte til mental helseprogram for bønder. Opiodmisbruk og sjølvmord har auka kraftig blant bønder.

1.	Mjølkebonden Mark McAfee reiser rundt heile USA med mjølkekrakken som symboliserer dei tre føtene mjølkepolitikken må vere basert på: Kontroll med produksjon, prisar og import/eksport

Forverra av handelskrig

20% av inntektene til den amerikanske bonden kjem frå eksport. Canada og Kina toppar importstatistikken. Handelskrigen med Kina har difor ramma hardt, ikkje minst soyabøndene, sidan Kina kjøper 1/3 av amerikanske soyabønner. I 2018 gjekk eksporten til Kina frå USA ned med 7 milliardar dollar. Soya og mais er dei største produksjonane i USA.

- Vi er samde med administrasjonen i at Kina har opptrådt uredeleg. Men måten Trump har takla dette på er heilt feil. Han har gjort seg til uvenner med alle og har påført bøndene våre stor skade, seier president Roger Johnson i NFU.

Soyaprisane til bonde Sarah Degn Rachor frå Montana har falle som ein stein. Ho har også kveite, men situasjonen der har vore dårleg i lang tid.

- Eg får same prisen for kveite i dag som far min fekk i 1979, seier Sarah. Etter årsmøtet reiser ho heim for å fylle ut papira for å få utbetalt forsikringspengar.

NFU krev at USA bygger koalisjonar med andre land for hindre urettferdig handel, finn ei løysing på handelskonflikten og sikrar WTO som nøytral meklar i handelssaker. Politikarane må jobbe for å få bort straffetollen, og i mellomtida gi meir økonomisk støtte til bøndene som er ramma, krev bondelaget.

Klima – ikkje love noko før ein kjenner krava

Både konsentrasjon i verdikjeda for mat, merking, arbeidskraft og klima og etanol var mellom tema i dei 8 resolusjonane som vart vedtekne av dei knapt 177 delegatane. NFU ynskjer ei sterkare handheving av antitrust-regelverket med tak på 40% marknadsdominans for dei 4 største selskapa, meir fokus på vertikal integrering og oppsplitting av for store selskap.

Klima er igjen på den politiske dagsordenen i USA etter at den radikale unge demokraten Alexandria Ocasio Cortez nyleg fremja eit forslag om ein ny grøn plan, Green New Deal, for å utjamne skilnader og redusere USAs klima-avtrykk (sjå blogg). Trump melde som kjent USA ut av Paris-avtala og stoppa klima-initiativ internt i USA. Men mange delstatar, bedrifter og organisasjonar var usamde med Trump, og lagde sine eigne mål for å redusere klimautsleppa. Også NFU ynskjer at USA skal vere del av Paris-avtala, og kjempar for eit system for handel med opptak av karbon og større innblanding av etanol i bensinen.

Årsmøtet vedtok ein resolusjon om klima, men valde å ikkje nemne Green New Deal eksplisitt.

- Vi kan ikkje binde oss opp til noko vi ikkje veit korleis blir, og som sannsynlegvis ikkje blir vedteke uansett, sa leiar Mark Wathne frå Nord-Dakota.

I tillegg til dei 8 resolusjonane, vedtok National Farmers Union eit 200 siders politisk program for det neste året.

National Farmers Union har nesten 200 000 medlemmer, og er den minste av dei to landsdekkande bondelaga. Den 117 år gamle organisasjonen forsvarer familielandbruket og dei små bøndene, og har hovudtyngda av medlemmene i Midt-Vesten. Dei er medlemmer i World Farmers Organisation, der også Norges Bondelag er medlem. Sjå meir om årsmøtet her

Landbrukspodden Panengstuen

Landbrukspodden om framtida for Nortura

De siste årene har vært preget av svake resultater for Nortura. Høsten 2019 fikk samvirket ny sjef, og vi lurer på hva hun skal gjøre for å snu skuta?

Meld deg på Øko2020!

Hvordan kan landbruket bidra til en mer klimavennlig og bærekraftig framtid? Dette blir et sentralt spørsmål under den nasjonale kongressen om økologisk landbruk 21. og 22.januar.

Er kjøtt bærekraftig

Landbrukspodden om kjøtt og bærekraft

Nok et gjenhør med en populær episode fra året som gikk når vi spør om kjøtt er bærekraftig? Silje Lundberg i Naturvernforbundet og Christian Anton Smedshaug i Agri Analyse er på plass i studio for å gi svar.

Lars Petter Bartnes ønsker god jul, her fra kantina i Landbrukets Hus i Oslo.

Julehilsen fra Bondelagslederen

Når jeg ser tilbake på året tenker jeg at det har skjedd mye. Språkrådet kårer hvert år årets ord, og årets liste er interessant nok i seg selv. Likevel klarte jeg ikke la være å spekulere i hvordan vår liste ville sett ut, og mistenker at disse ordene hadde tronet høyt på toppen; dyrevelferd, melkekutt, grøntsatsing og klimaavtale. Dette er alle ord som det ligger mye bak.

Åpner dørene 

Tirsdag kan du få et innblikk i fjørfeproduksjon, når fjørfebønder deler hverdagen i sosiale medier.

Landbrukspodden oppsummerer halvåret høsten 2019

Landbrukspodden oppsummerer halvåret som gikk

Året nærmer seg slutten og Landbrukspodden tar et tilbakeblikk før jula ringes inn. Det blir rom for både nedturer, oppturer og høydepunkter når Kato Nykvist, politisk redaktør i Nationen, er på plass i studio!

Dette skjer i Norges Bondelag

Tirsdag
21
april

Kornkonferansen 2021

Oslo Kongressenter, Youngs gate 21, Oslo
Onsdag
22
april

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere