Næringsminister Jahn Christian Vestre inviterte i dag til seminar om daglegvaremarknaden. Norges Bondelag var invitert til å seie noko om eigne merkevarer (EMV), som ein kommentar til tre rapportar om EMV som NFD har bestilt frå Samfunnsøkonomisk Analyse (SØA).

- Det er bra at NFD har bestilt desse utgreiingane. EMV er eit viktig tema også for bøndene. Utbreiinga av EMV er del av ein vertikal integrasjon der meir kontroll blir flytta lenger bort frå bonden og bondens bedrifter til daglegvarekjedene. Kjedene får full kontroll med produkt og oppskrifter og kan lett byte ut norske råvarer mot importerte varer, sa Salte.

Han peika på at rapporten mangla analyse av strategiske og langsiktige effektar av EMV og vertikal integrasjon på til dømes matsikkerheit, distriktsbusetjing og ein jordbruksproduksjon over heile landet.

- Vi ser det allereie på kjøtsida, der dei tre kjedane kontrollerer kvar sine vertikale søyler. Produsentar kan i praksis ikkje velje kven dei vil levere til i sin region. Viss eg til dømes skulle starte kyllingproduksjon der eg bur i Rogaland hadde eg i realiteten berre eit val når det gjeld mottakar, sa Salte, som også nemnde vanskane med å levere potet til eit sentralisert lager på Austlandet.

Importvernet sikrar mangfald av norske produkt

Han peika også på at rapportane mangla andre viktige element. Mellom anna peikar rapporten på at importvernet verkar negativt inn på utvalet og at EMV då blir viktigare.

- Men det blir ikkje peika på at importvernet faktisk gir eit større mangfald av norske produkt. Utan importvernet ville ein sannsynlegvis heller ikkje ha ein norsk landbruksbasert næringsmiddelindustri, det ville ver billigare å importere heile produktet, sa Salte, som peika på at det aller meste av produkta i daglegvarehandelen har låg eller ingen toll.

Salte kritiserte også rapportane sine konklusjonar om at det nødvendigvis blir billigare mat av EMV.

- Dei har ikkje sett på kva som faktisk skjer i marknaden. Undersøkingar viser at pris på varer med stor EMV-andel, som til dømes kjøtdeig, har gått meir opp enn andre varers, sa Salte. Han peika også på at det var lettvint å konkludere med at effektiviseringsgevinsten for EMV nødvendigvis kjem kunden til gode.

Det er vel nærliggande å tru at butikkane, distribusjon og grossist vil ta det marknaden er villig å betale for ei vare.

Arthur Salte, styremedlem Norges Bondelag

Næringsministeren kjem med nye tiltak

På møtet annonserte næringsminister Vestre at han ville kome med nye tiltak for å betre konkurransen i daglegvaremarknaden. Han la ut ein statur på 10-punktsplanen som vart lansert tidlegare i år

På EMV vil dei byrje med å følgje tilrådinga i EMV-rapportane om å overvake eigne merkevarer og i tillegg overvake eigarstrukturane.

- At nokre få aktørar sit på fleire sider av bordet samtidig, for eksempel ved at dei eig og driv fleire ledd av verdikjeden kan ha konsekvensar for konkurransesituasjonen. Difor har vi sett i gang ei omfattande kartlegging av omfang og verknader av EMV og vertikal integrasjon, sa Vestre.

Vestre vil også følgje anbefalingen frå rapporten om å endre lov om god handelsskikk med nye og tydelege bestemmelsar om kva krav aktørane kan stille til kvarandre i forhandlingar.

Konkurransetilsynet kunne også fortelje at dei allereie har også levert sin marginanalyse til NFD.

Vestre la i dag også fram ei ny forskrift for å regulere prisdiskriminering frå leverandør til kjedene. Sist forslag på forskrift vart trekt tilbake etter negative tilbakemeldingar frå fleire hald.

- Det er bra at næringsministeren følgjer opp forslaga om stadig overvaking av EMV, vil sjå på eigarstrukturane og ikkje minst og ei styrking av Lov om god handelsskikk. Vi er meir kritiske til forskrifta, som vi fryktar vil gi meir EMV og blir ei avsporing i forhold til tiltak vi treng på t.d. distribusjon og å sikre at rabattar og effektivisering som blir gjort tidleg i verdikjeda verkeleg kjem kunden til gode, seier Salte.