Norges Bondelag var medarrangør for seminaret "Uavhengige merkevarer eller EMV - hva betyr det for forbrukerne?" saman med daglegvareleverandørane i DLF, NHO mat og drikke og NNR. Interessa for temaet er stor, og det var rundt 130 personar i salen.

Næringsminister Jan Christian Vestre har bestilt fleire utgreiingar om eigne merkevarer (EMV) som er i ferd med å bli utarbeida. Samfunnsøkonomisk analyse har fått i oppdrag å utgreie både definisjon, kartlegge omfang og effektar av EMV. Rolf Røtnes frå Samfunnsøkonomisk analyse la fram forslaget til ny definisjon. Dei vil ha ei tredeling: Reine EMV eigd heilt eller delvis av daglegvarekjedane, TMV (tilknytta merkevarer) som er eig av leverandør, men med vertikale kontraktar eller andre bindingar til daglegvarekjedane (som t.d. Nordfjord Kjøtt og BAMA) og uavhengige merkevarer (UMV) som t.d. Gilde og Tine.

Regjeringa har ikkje konkludert

Vestre peika på behovet for å utgreie meir og trekte fram usikkerheita om effekten av EMV, eigarskapen til kjedane frå produkt og ned gjennom heile verdikjeda kan ha negative utslag. – Regjeringa har ikkje konkludert, sa Vestre. Han trakk fram regjeringas 10-punktsplan for betre utval og lågare prisar som mellom anna inneber EMV og vertikal integrasjon, nye verktøy for Konkurransetilsynet, regulering av sal av butikklokale (forbod mot negative servituttar) og det kontroversielle forslaget om regulering av prisdiskriminering.

– Vi tek kritikken om at det går for sakte med stor ro. Det er eit komplekst saksfelt. Vi skal ikkje kappast om å vere raskast, sa Vestre. - Vi er utolmodige på tiltak, men ny og betre kunnskap må på plass fyrst, sa statsråden og lanserte samtidig at det kjem noko før sommaren.

Vestre var også bekymra for auka matprisar, sjølv om han påpeika at berre Sveits og Liechtenstein har lågare prisvekst enn Noreg. -Vi er bekymra for høge prisar og dårleg utval, sa Vestre, og viste til at det også er sett i gang marginstudiar for å sjå på kven som tener mest på auka prisar.

Små og lokale leverandørar kritiske til EMV

Dorte Gill Brudvik frå Coop peika på at EMV skapte meir mangfald og lågare prisar, og at dei helpte lokalmatprodusentar inn i hyllene, m.a. gjennom øko-merket Änglamark. Men innleiarane som representerte små og lokale leverandørar hadde eit anna syn på saka: - EMV er bra for daglegvarekjedane, ikkje for lokalmaten, sa leiar Randi Ledaal Gjertsen i Bondens Marknad. Ho peika på at det var risikabelt for lokalmatprodusentane å knytte seg til berre ein kunde, at dei ofte fekk korte kontraktar og krav om å levere EMV i tillegg, og sterk konkurranse frå premium-segmentet i EMV. EMV flytta matka vekk frå bonden. Elisabeth Isachsen frå suppeleverandøren Mere Mat AS peika på at dei hamna i skvis mellom store merkevarer og EMV-produkt. Ho påpeika at ein ikkje konkurrerte på like vilkår.

Forbruksforskar Adrian Peretz viste korleis daglegvarekjedene og merkevareprodusentane begge prøvde å låse forbrukaren inn i sin loop av varer. Medan forskar Ragnhild Silkoset peika på at forbrukarperspektivet mangla i dei fleste studier, og at forbrukar kunne bli lurt til å tru at priskrigen var til deira beste.

Styremedlem i Norges Bondelag Arthur Salte har følgt daglegvaredebatten tett og var til stades i salen.

– Eg synest mange interessante perspektiv kom fram i dag. Det er utruleg viktig at diskusjonen rundt EMV blir løfta fram. Vi ser mange problematiske sider ved eit sterkt innslag av EMV. Makt og inntekt blir flytta vekk frå bonden og bonden sine eigne bedrifter, og daglegvarekjedane kan styrke sin posisjon og presse ut merkevarene. Vi ser fram til tiltak både på EMV og andre område som konkurranse på grossistleddet, seier Salte.