- Alle E39-korridorane bør vurderast med tanke på jordvern
Rogaland bondelag reagerer på at to korridorar til ny E39 er foreslått tatt ut av prosessen.
- Me er opptekne av at alle korridorane blir utreda for å få kartlagt kva for ein korridor som tar minst jord og meiner det er feil å ta ut midtre og ytre korridor nå, seier leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit.
- Me vil også minna om at det også må kartleggjast grundig kor mykje jord dei ulike kryssløysingane vil ta, legg Epletveit til.
- Jordvern må vega tyngst
Rogaland bondelag har heile tida meint at jordvern-omsyn må vega tyngst og kan ikkje sjå at jordvern er nemnt i det heile i argumentasjonen til Statens vegvesen for å ta ut to korridorar av prosessen nå.
15. desember vart det kjent at Statens Vegvesen foreslår å ikkje gå vidare med ytre og midtre korridor for ny E39 mellom Sandnes og Lyngdal.
I ei pressemelding seier Statens Vegvesen at denne avgjersla kjem etter ei totalvurdering. Denne totalvurderinga er basert på resultata frå utredning av prissette og ikkje-prissette konsekvensar, samt rapport om andre samfunnsmessige verknader.
Målet for prosjektet er å planleggja firefelts motorveg mellom grensa Lyngdal/Kvinesdal i Vest-Agder og Sandnes i Rogaland. Vegen skal planleggjast for 110 km/t.
Les heile pressemeldinga frå Statens vegvesen her.