Me kan oppsummera 2022 med eitt ord – kostnadsauke. Etter fjorårets rekordoppgjer var det venta ein solid inntektsvekst i jordbruket og eitt stort steg i å tette inntektsgapet, men inntekta vart i staden oppeten av at alt vert dyrare og ein ustabil marknad. Blant anna har utanlandsk korn blitt dyrare enn norsk korn, og det er mykje storfekjøt på reguleringslager.

Men no kjem 2023 med blanke ark og fargestiftar, og det er tid for at lokallaga utarbeidar sine svar på spørsmålet – kva skal prioriterast i årets forhandlingar. Det var tema på distriktsmøta nord- og sør for Boknafjorden. Simen Solbakken, assisterande næringspolitisk sjef i Noregs Bondelag la fram den økonomiske stoda, og tok i mot spørsmål frå salen. Frist for å sende innspel frå lokallaga er 14. februar, og både Simen og fylkesleiar Marit Epletveit forsikra salen om at alle innspel vert lesne. Dei oppmoda òg lokallaga til å svare i fritekstfelta – gjernemed signatur slik at me veit kven som meiner kva.

Simen Solbakken, assisterande næringspolitisk sjef

Av gladsakene kan Simen bekrefte at telledato for storfe skal fasast ut.

Utanom det som relaterte til jordbruksforhandlingane, var det og rom for å diskutere andre sakar.

Klimasaka var diskutert både i nord og i sør – blant anna var det spørsmål om korleis bonden skal nytte Bionova. Pengepotten må kunne komme konkrete saker som også er gode for bonden til gode. Bionova er så vidt i startfasen, og endeleg har dei både pengar og logo. Å få til gode klimatiltak som også er gode for bonden er sentrale for å kunne nå dei klimapolitiske måla – elles risikerer man å hamne i same uføre som våre yrkesbrør- og systrer i Nederland. Det er ein utfordring at mange bønder har gjort gode tiltak som slangespreiing, tak på gjødselkum og tatt i bruk flisfyring, og viss det var gjort før 2019 er det ikkje naudsynt at det vert ført på vår klimarekneskap.

Guttorm Gudmestad, leiar i Rennesøy Bondelag stiller spørsmål til Simen Solbakken.

Marknadsregulering og overproduksjon var gjentakande tema i nord og i sør. Overproduksjon setter bonden i ein skvis – både økonomisk og politisk. Det er vanskeleg å tene pengar på eitt produkt det er for mykje av, og kvifor skal politikarane gje auka tilskot til ein næring som produserer for mykje av eitt produkt sjølv om det er overproduksjon? Å jobbe for ein balanse i marknaden er ein sak bondelaget tek hå høgaste alvor.

Elles var det også skrøyt av prosessen rundt høyringa av Grytten-utvalets rapport, der engasjerte tillitsvalte frå lokallaga kjende at dei vart høyrde og tekne på alvor.